Toving - Grytekluter

Start med å legge ull lagvis i boksen, tynne lag på kryss og tvers. Bruk alle 20 gr, boksen blir heilt full! På toppen kan du legge litt ull i andre farger for å få eit mønster. Dette kan og gjerast i botnen før hovudfargen blir lagt i.

Du treng:
·        ull (20 gram)
·        isboks eller annan firkanta plastboks
·        grønsåpevatn (1/2 dl grønsåpe pr. liter varmt vatn eller lag ei ”dynkeflaske” av ei tom, rein ketchupflaske: stikk hol i lokket med ein syl eller liknande frå innsida, ha i 1½ ss grønsåpe og fyll opp med varmt vatn).
·        Stores (gardinstoff)
·        Handduk (til å tørke opp søl)
 
Start med å legge ull lagvis i boksen, tynne lag på kryss og tvers. Bruk alle 20 gr, boksen blir heilt full! På toppen kan du legge litt ull i andre farger for å få eit mønster. Dette kan og gjerast i botnen før hovudfargen blir lagt i.
Så dynker du med såpevatn, legg på stores og klapp forsiktig all ull ned i vatnet.
 
Tov godt: Start med forsiktig stryking/klapping. Når mønsteret på toppen har festa seg, snur du alt i boksen og stryk på ”baksida”. Når all ull har festa seg, treng du ikkje bruka stores lenger. Etter kvart stryk du hardare og hardare. Pass på å jobbe med kantane og! Jobb godt til ulla har blitt filt (fast, fin, kan ikkje ”dra ut” ull lenger). Kna godt på slutten.
 
Det er viktig å snu ofte, klemme av kaldt vatn og ha på nytt varmt såpevatn (men ikkje for masse, ikkje ”basseng” i boksen!). Det er varmen og såpa som gjer at ulla tover seg.
 
Skyl godt ut all såpe til slutt.

Oppskrifter og annet gøy

Toving - Grytekluter

Start med å legge ull lagvis i boksen, tynne lag på kryss og tvers. Bruk al ...

Kubbelys med serviett-teknikk

Spenndende oppskrift på kubbelys med serviett-teknikk
Pynt julebordet m ...

Varmepose oppskrift

Garnes Håndverksted for barn og unge - Varmepose

Her kommer det me ...